Dommarane 14:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein gong bar det så til at Samson gjekk ned til Timna; og der fekk han sjå ei filistarjente.

2. Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «Eg såg ei filistarjente i Timna,» sa han. «Henne må de festa til kone åt meg.»

3. Foreldra sa til han: «Finst det ikkje ei jente hjå frendane dine eller i heile folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hjå dei uomskorne filistarane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du festa åt meg; for henne har eg kjær.»

4. Foreldra hans skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistarane. Dei var det som rådde i Israel den gongen.

5. Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei kom til vingardane utanfor byen, fór ei ung løve brølande imot han.

6. Då kom Herrens Ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.

7. Så gjekk han ned og tala med jenta; og han lika henne framifrå godt.

8. Ei tid etter fór han ned att og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein biesverm og honning i kroppen hennar.

Dommarane 14