Dommarane 12:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er rømingar frå Efraim, de Gilead-folk. De høyrer heime i Efraim, men bur i Manasse.»

5. Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han då nei,

6. sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Men sa han «sibbolet», fordi han ikkje kunne seia ordet rett, så greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraims-ætta.

7. Jefta frå Gilead var domar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.

8. Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.

Dommarane 12