Dommarane 11:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Dei sa til han: «Kom og ver føraren vår, så vil vi strida mot ammonittane.»

7. Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»

8. Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»

9. Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Får de meg til å fara heim og strida mot ammonittane, og Herren gjev dei i mi makt, så er det eg som skal vera hovdingen dykkar.»

10. Dei eldste svara: «Herren skal vera vitne mellom oss og straffa oss om vi ikkje gjer som du seier.»

11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn.

12. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»

13. Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då israelittane kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»

14. Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen

15. med dei orda: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå moabittane eller ammonittane.

Dommarane 11