Dommarane 11:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Ei tid etter byrja ammonittane krig mot Israel.

5. Då dei gjekk til strid mot israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.

6. Dei sa til han: «Kom og ver føraren vår, så vil vi strida mot ammonittane.»

7. Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»

8. Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»

9. Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Får de meg til å fara heim og strida mot ammonittane, og Herren gjev dei i mi makt, så er det eg som skal vera hovdingen dykkar.»

10. Dei eldste svara: «Herren skal vera vitne mellom oss og straffa oss om vi ikkje gjer som du seier.»

11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn.

12. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»

13. Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då israelittane kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»

Dommarane 11