11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn.
12. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
13. Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då israelittane kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»
14. Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen
15. med dei orda: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå moabittane eller ammonittane.
16. På vegen frå Egypt fór israelittane gjennom øydemarka til Sevsjøen, og dei kom til Kadesj.