1. Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei skjøkje, og Gilead var far hans.
2. Med kona si hadde Gilead òg søner. Då dei vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår; for du er son til ei framand kvinne.»
3. Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Og det samla seg mange lause karar om han og var med på ferdene hans.
4. Ei tid etter byrja ammonittane krig mot Israel.
5. Då dei gjekk til strid mot israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.
6. Dei sa til han: «Kom og ver føraren vår, så vil vi strida mot ammonittane.»
7. Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»
8. Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»
9. Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Får de meg til å fara heim og strida mot ammonittane, og Herren gjev dei i mi makt, så er det eg som skal vera hovdingen dykkar.»
10. Dei eldste svara: «Herren skal vera vitne mellom oss og straffa oss om vi ikkje gjer som du seier.»
11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn.
12. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»