7. Då vart Herren brennande harm på israelittane, og han gav dei i hendene på filistarane og ammonittane.
8. Alt same året knuste dei israelittane og kua dei. I atten år trælka dei alle israelittane som budde austanfor Jordan, i amorittlandet, i Gilead.
9. Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til strid mot Juda, Benjamin og Efraim. Og israelittane kom i stor naud.
10. Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Ba’al-gudane.»
11. Herren svara: «Har eg ikkje berga dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane, filistarane,
12. sidonarane, amalekittane og midjanittane? Då dei plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut or hendene deira.
13. Men de vende dykk bort frå meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.
14. Gå og kalla på dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»
15. Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
16. Så skilde dei seg av med dei framande gudane og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud.
17. Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa.