1. Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua Dodoson av Jissakars-ætta, og budde i Sjamir på Efraims-fjellet.
2. Han var domar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.
3. Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram. Han var domar i Israel i tjueto år.
4. Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og åtte tretti teltbyar som enno i dag vert kalla Ja’irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.
5. Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.
6. Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta og gudane åt folket i Aram, Sidon, Moab, Ammon og Filistarlandet. Dei vende seg frå Herren og ville ikkje tena han.
7. Då vart Herren brennande harm på israelittane, og han gav dei i hendene på filistarane og ammonittane.
8. Alt same året knuste dei israelittane og kua dei. I atten år trælka dei alle israelittane som budde austanfor Jordan, i amorittlandet, i Gilead.
9. Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til strid mot Juda, Benjamin og Efraim. Og israelittane kom i stor naud.