Dommarane 1:8-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Juda-sønene gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei øydde han med odd og egg og sette eld på husa.

9. Sidan fór Juda-sønene ned og stridde mot kanaanearane som budde i fjellbygdene, i Negev og i Sjefela.

10. Fyrst gjekk dei mot kanaanearane i Hebron, som før i tida heitte Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Akiman og Talmai.

11. Så gjekk dei mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

Dommarane 1