Dommarane 1:5-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Der møtte dei Adoni-Besek, og dei stridde mot han og slo kanaanearane og perisittane.

6. Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, tok han og hogg av han tommelfingrane og stortærne.

7. Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No har Gud gjeve meg løn for det eg gjorde.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.

Dommarane 1