Dommarane 1:5-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Der møtte dei Adoni-Besek, og dei stridde mot han og slo kanaanearane og perisittane.

6. Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, tok han og hogg av han tommelfingrane og stortærne.

7. Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No har Gud gjeve meg løn for det eg gjorde.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.

8. Juda-sønene gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei øydde han med odd og egg og sette eld på husa.

9. Sidan fór Juda-sønene ned og stridde mot kanaanearane som budde i fjellbygdene, i Negev og i Sjefela.

10. Fyrst gjekk dei mot kanaanearane i Hebron, som før i tida heitte Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Akiman og Talmai.

Dommarane 1