Daniel 11:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Kongen i nord skal dra mot riket åt kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt.

10. Sidan skal sønene hans bu seg til strid og samla store hærstyrkar. Ein av dei dreg inn i landet og fer over det som ein flaum. Men han bur seg på nytt og rykkjer fram mot festninga åt kongen i sør.

11. Då vert han harm og dreg ut og strider mot kongen i nord, som fylkar ein stor hær; men hæren fell i fiendehand

12. og vert bortsopt. Då vert kongen i sør hovmodig. Han feller mange tusen, men får likevel ikkje stor makt.

13. Kongen i nord fylkar ein ny hær, som er endå større enn den fyrste. Og etter nokre år kjem han med ein stor hær og eit veldig tren.

14. I dei tider gjer mange opprør mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt reiser seg, så synet vert stadfest; men dei fell.

15. Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Styrkane frå sør held ikkje stand; ikkje eingong dei beste mellom dei maktar å gjera motstand.

16. Fienden som kjem mot dei, kan gjera som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det fagre landet og fører øydelegging med seg.

17. Han set seg føre å få heile riket åt kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei av døtrene sine til kone. Såleis vil han øydeleggja riket hans. Men det skal ikkje lukkast for han.

Daniel 11