Daniel 1:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då dei ti dagane var lidne, viste det seg at dei såg betre ut og var i betre hold enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord.

16. Då lét oppsynsmannen dei sleppa den fine maten og vinen og gav dei grønsaker.

17. Gud gav desse fire gutane kunnskap og vit på allslags skrift og visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slag syner og draumar.

18. Då den tida kongen hadde fastsett, var ute, og dei skulle førast fram for han, førte den øvste hoffmannen dei fram for Nebukadnesar.

19. Kongen tala med dei, og det fanst ingen mellom dei unge gutane som kunne mæla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Så fekk dei då gjera teneste hjå kongen.

20. Og støtt når kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle spåmenn og åndemanarar i riket.

21. Daniel vart verande der til fyrste styringsåret åt kong Kyros.

Daniel 1