Daniel 1:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem og kringsette byen.

2. Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans hand, og like eins nokre av dei heilage kara i Guds hus. Nebukadnesar tok kara med til Sinear-landet, til huset åt guden sin, og sette dei i skattkammeret der.

3. Kongen sa til Aspenas, øvste hoffmannen sin, at han skulle ta med seg nokre israelittar, både av kongsætt og av adelsætt,

4. unge gutar som var utan lyte og fagre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å tena i kongsgarden. Dei skulle han gje opplæring i kaldeisk skrift og språk.

5. Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta av same fine maten som han og drikka same slag vin. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gjera teneste hjå kongen.

6. Mellom dei var judearane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.

7. Den øvste hoffmannen gav dei nye namn. Daniel kalla han Beltsasar, Hananja Sjadrak, Misjael Mesjak og Asarja Abed-Nego.

8. Men Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad den øvste hoffmannen om å sleppa å gjera seg urein.

Daniel 1