Apostelgjerningane 8:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Simon kom òg til tru; etter at han var døypt, heldt han seg trufast til Filip og var sterkt gripen av dei teikn og mektige gjerningar som han såg.

14. Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit.

15. Dei kom ned og bad for dei, at dei måtte få Den Heilage Ande.

16. For Anden var endå ikkje komen over dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn.

17. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den Heilage Ande.

18. Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar

19. og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, får Den Heilage Ande!»

20. Men Peter sa til han: «Måtte både du og pengane dine forgå, sidan du tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar!

21. Du har ingen lut eller del i dette; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud.

Apostelgjerningane 8