23. Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane.
24. Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin.
25. Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje.
26. Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: «De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?»
27. Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss?
28. Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?»
29. Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.
30. Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne.
31. Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst:
32. Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp.
33. Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.
34. Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt.
35. Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han.
36. Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år.
37. Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.
38. Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss.