Apostelgjerningane 4:15-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre:

16. «Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta.

17. Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.»

Apostelgjerningane 4