5. Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko.
6. Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!»
7. Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla.
8. Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.
9. Alle såg korleis han gjekk ikring og lova Gud.
10. Og dei kjende han att: Det var han som var van å sitja ved Fagerporten og be om gåver, og dei vart fylte av undring og otte over det som hadde hendt med han.