3. Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.
4. Dei feste augo på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»
5. Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko.
6. Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!»
7. Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla.
8. Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.
9. Alle såg korleis han gjekk ikring og lova Gud.