Apostelgjerningane 3:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:Kvifor undrast de over dette, israelittar? Kvifor stirer de på oss, som om det var av eiga kraft eller gudsfrykt vi gjorde at denne mannen kan gå?

13. Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har teke tenaren sin, Jesus, opp i herlegdom. De sveik han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri.

14. De fornekta Den Heilage og Rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven.

15. Men livsens hovding drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om.

16. Fordi vi trur på Jesu namn, har dette namnet styrkt denne mannen som de ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gav mannen denne fulle førleiken, som de alle kan sjå.

17. Eg veit nok, brør, at det var i vankunne de gjorde dette, nett som rådsherrane dykkar.

18. Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida.

Apostelgjerningane 3