Apostelgjerningane 27:34-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Difor rår eg dykk til å eta; det må til, skal de verta berga. Ingen av dykk skal missa så mykje som eit hår på hovudet.»

35. Med så sagt tok han eit brød, takka Gud medan alle høyrde på, braut det og tok til å eta.

36. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.

37. Vi var i alt 276 menneske om bord.

38. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.

Apostelgjerningane 27