Apostelgjerningane 27:14-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men det var ikkje lenge før det kom ein kvervelvind kastande inne frå øya, nordaust-vinden som dei kallar han.

15. Skipet vart rive med; det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.

16. Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Klauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.

Apostelgjerningane 27