Apostelgjerningane 26:10-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for.

11. Rundt ikring i synagogene fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta; og rasande som eg var, forfylgde eg dei heilt til byar i utlandet.

12. Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane.

Apostelgjerningane 26