Apostelgjerningane 25:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.

2. Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus. Og dei bad han

3. gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem; for dei ville leggja seg på lur og drepa han på vegen.

4. Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle attende dit.

Apostelgjerningane 25