Apostelgjerningane 24:19-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Nokre jødar frå Asia såg meg, og dei burde ha møtt fram for deg og kome med klagemål, om dei hadde hatt noko.

20. Eller lat dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet.

21. Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet som eg ropa ut då eg stod framfor dei: «Eg trur at dei døde skal stå opp, difor står eg for retten her i dag.»

22. Feliks visste vel korleis det hadde seg med «vegen». Difor sette han ut saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.»

23. Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp.

24. Nokre dagar seinare kom Feliks i lag med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinne. Han sende bod etter Paulus, og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus.

Apostelgjerningane 24