Apostelgjerningane 22:24-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då lét kommandanten Paulus førast inn i borga. Han skulle få svepeslag og verta forhøyrd, sa han, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han.

25. Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa han til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?»

26. Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er då romersk borgar.»

Apostelgjerningane 22