Apostelgjerningane 2:31-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne.

32. Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.

33. Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer.

Apostelgjerningane 2