Apostelgjerningane 2:10-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne,

11. jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13. Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»

Apostelgjerningane 2