Apostelgjerningane 18:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan tok Paulus ut frå Aten og fór til Korint.

2. Der råka han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, av di keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle ha seg bort frå Roma. Paulus tok inn hjå dei,

3. og sidan dei dreiv same handverket, vart han buande hjå dei, og dei arbeidde i lag. For dei var teltmakarar.

4. Men kvar sabbat tala han med folk i synagoga, og overtydde både jødar og grekarar.

5. Og då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias.

Apostelgjerningane 18