32. Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans.
33. Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine.
34. Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud.
35. Då det vart dag, sende embetsmennene rettstenarane av stad med det bodet: «Slepp desse mennene fri!»
36. Fangevaktaren fortalde det til Paulus og sa: «Embetsmennene i byen har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far dykkar veg i fred!»
37. Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for augo på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd! Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!»