Apostelgjerningane 13:46-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. Då tok Paulus og Barnabas til ords og sa beint ut: «Det var naudsynt at Guds ord fyrst vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane.

47. For dette er Herrens bod til oss:Eg har gjort deg til eit ljos ¬for folkeslag,så du skal bera frelse ¬til heimsens ende.»

48. Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var etla til evig liv.

Apostelgjerningane 13