Apostelgjerningane 13:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Dei andre tok ut att frå Perge og kom til Antiokia i Pisidia, og på sabbatsdagen gjekk dei inn i synagoga og sette seg.

15. Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane bod til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til påminning for folket, så tal!»

16. Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:Israelittiske menn og de andre som trur på Gud, høyr på meg!

17. Han som er Gud åt Israels-folket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med opplyft arm førte han dei ut derifrå.

18. I om lag førti år sytte han for dei i øydemarka.

19. Han øydde ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige.

20. Dette gjekk føre seg i om lag fire hundre og femti år. Sidan gav han dei domarar; den siste av dei var profeten Samuel.

21. Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta, og han var konge i førti år.

22. Men Gud tok riket frå han og gjorde David til kongen deira. Han fekk dette vitnemålet av Gud: Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarta; han kjem til å gjera alt det eg vil.

23. I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova; det er Jesus.

24. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket.

25. Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.»

Apostelgjerningane 13