Apostelgjerningane 12:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Dei gjekk framom den fyrste og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv; dei gjekk ut og heldt fram nedover den fyrste gata. Der vart engelen brått borte for han.

11. Peter kom til seg sjølv att og sa: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut or hendene på Herodes og berga meg frå alt det som jødefolket går og ventar på.»

12. Så snart Peter vart vis med det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes, som hadde tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.

13. Han banka på ytterdøra, og ei tenestjente som heitte Rode, kom og skulle lata opp.

14. Ho kjende Peter att på målet og vart så glad at ho gløymde å opna døra, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. «Då må det vera engelen hans,» sa dei.

16. Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.

17. Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengslet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette!» Dermed gjekk han ut og fór til ein annan stad.

18. Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kvar hadde det vorte av Peter?

Apostelgjerningane 12