Apostelgjerningane 1:7-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.

8. Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9. Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.

10. Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei

Apostelgjerningane 1