Amos 5:5-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Søk ikkje til Betel,kom ikkje til Gilgal,og far ikkje over til Be’er-Sjeba!For folket i Gilgal ¬skal førast bort,Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.

6. Søk Herren, så skal de leva!Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt;elden øyder,og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.

7. Dei gjer retten om til malurtog kastar rettferda til jorda.

8. Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion,han som gjer stummande ¬mørker til morgonog dagen til svarte natt,han som kallar på vatnet ¬i havetog auser det ut over jorda– Herren er hans namn.

9. Han lèt undergang lyna ¬over borger,lèt festningar siga i røys.

10. Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget,og styggjest ved dei ¬som talar sant.

11. De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor skal de ikkje få bui dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein,og ikkje få drikka vinfrå dei herlege vingardar ¬de har planta.

12. For eg veit ¬at dykkar brot er mangeog dykkar synder utan tal,de som forfylgjer ¬skuldlaust folk,lèt dykk kjøpa for pengarog driv fattigfolk bort ¬frå retten.

13. Difor teier den kloke ¬i denne tid;for ei vond tid er det.

14. Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde,så de får leva!Då skal Herren, Allhærs Gud,vera med dykk, som de seier.

15. Hata det vonde ¬og elska det gode,hald retten høgt på tinget!Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud,vera nådig mot Josefs rest.

16. Difor seier Herren,Herren, Allhærs Gud:På alle torg skal lik-klage lyda,i alle gater skal dei ropa: «Ve!»Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid,senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.

17. I alle vingardar skal dei jamranår eg skrid fram ¬imellom dykk,seier Herren.

18. Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag!Kva vil de med Herrens dag?Han er mørker og ikkje ljos.

19. Det er som når ein mannrømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn;og kjem han heim ¬og stør handa til veggen,vert han biten av ein orm.

20. Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos,kolmørk er han og utan ljoske.

Amos 5