Amos 4:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Høyr dette ordet, ¬de Basan-kyrsom bur på Samaria-fjellet!De trælkar småkårsfolkog knuser dei fattige.De seier til mennene dykkar:«Kom med vin, ¬så vi får drikka!»

2. Herren Gud har svore ¬ved sin heilagdom:Sjå, dagar kjem over dykkdå de skal slepast bort ¬med hakarog dei siste av dykk ¬med fiskekrokar.

3. Ut gjennom murrivner ¬skal de fara,den eine etter den andre.De skal drivast bort ¬til Hermon,lyder ordet frå Herren.

4. Kom til Betel og synda,til Gilgal og synda til gagns!Ber fram slaktoffer ¬om morgonenog tiender den tredje dagen!

5. Lat røyken av syrt brødstiga opp som takkoffer,lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent!For så vil de ha det, ¬de Israels søner,lyder ordet frå Herren Gud.

6. Eg lét dykk gå med tom munni alle byane dykkarog lét dykk vera utan brødalle stader der de budde.Men de vende ikkje om til meg,lyder ordet frå Herren.

Amos 4