Amos 3:10-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette,lyder ordet frå Herren,dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.

11. Difor seier Herren Gud:Fiendar skal kringsetja landet,di sterke festning ¬skal rivast ned,og borgene skal plyndrast.

12. Så seier Herren:Som når ein gjætarbergar ut or løvegapetto leggbein eller ein øyrelapp,så skal israelittane verta berga,dei som sit i sofakroken ¬i Samariaog på divanar i Damaskus.

13. Høyr og vitna mot Jakobs ætt!lyder ordet frå Herren Gud, ¬Allhærs Gud.

14. Den dagen eg krev Israel ¬til rekneskapfor syndene deira,lèt eg straffa koma ¬over altara i Betel.Då vert altarhorna avhogneog fell til jorda.

15. Då knuser egbåde vinterhus og sommarhus.Elfenbeinshusa vert ¬øydelagde,og mange bygningar sig i røys,lyder ordet frå Herren.

Amos 3