Amos 3:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Høyr dette ordetsom Herren har talamot dykk, de Israels søner,mot heile den ættasom eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:

2. Berre dykk ville eg ¬kjennast vedmellom alle folk på jorda.Difor krev eg dykk ¬til rekneskapfor alle syndene dykkar.

3. Går vel to i lagnår dei ikkje har vorte samde ¬om det?

4. Brøler løva i skogennår ho ikkje har funne rov?Brummar ungløva i hola sinår ho ikkje har fanga noko?

5. Fell ein fugl i ei snare på markanår ingen har sett ¬ei snare for han?Sprett ei felle opp frå markautan at ho har fanga noko?

6. Gjallar vel hornet i ein byutan at folket skjelv av redsle?Eller hender det ei ulukke ¬i byenutan at Herren har gjort det?

7. For Herren Gud gjer ikkje nokoutan at han har openberra ¬sitt rådfor tenarane sine, profetane.

Amos 3