1. Høyr dette ordetsom Herren har talamot dykk, de Israels søner,mot heile den ættasom eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:
2. Berre dykk ville eg ¬kjennast vedmellom alle folk på jorda.Difor krev eg dykk ¬til rekneskapfor alle syndene dykkar.
3. Går vel to i lagnår dei ikkje har vorte samde ¬om det?
4. Brøler løva i skogennår ho ikkje har funne rov?Brummar ungløva i hola sinår ho ikkje har fanga noko?
5. Fell ein fugl i ei snare på markanår ingen har sett ¬ei snare for han?Sprett ei felle opp frå markautan at ho har fanga noko?
6. Gjallar vel hornet i ein byutan at folket skjelv av redsle?Eller hender det ei ulukke ¬i byenutan at Herren har gjort det?
7. For Herren Gud gjer ikkje nokoutan at han har openberra ¬sitt rådfor tenarane sine, profetane.
8. Når løva brøler,kven må ikkje reddast då?Når Herren Gud har tala,kven må ikkje då ¬tala profetord?
9. Rop ut over borgene i Asjdod,over slotta i Egypt, og sei:Kom saman på Samaria-fjella!Sjå redsla og rådløysa i byenog den valdsferd som der rår!
10. Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette,lyder ordet frå Herren,dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.