Amos 1:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

2. Han sa:Herren skal torna frå Sion,la røysta si ljoma frå Jerusalem.Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane sturaog alt turka bort ¬på Karmels topp.

3. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei har treskt Gileadmed jernslegne sledar.

4. Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus,han skal øyda ¬Benhadads borger.

Amos 1