1. Høyr, Israel! I dag skal du gå over Jordan, koma inn i landet og driva bort folkeslag som er større og sterkare enn du, og som har store byar med himmelhøge festningsmurar.
2. Der er anakittane, som du kjenner, eit stort og høgvakse folk. Om dei har du høyrt det ordet: «Kven kan stå seg mot anakittane?»
3. Men i dag skal du vita at Herren din Gud, som går føre deg som ein øydande eld, han skal rydja dei ut. Han skal kua dei for deg, så du på kort tid kan driva dei bort og gjera ende på dei, som Herren har sagt deg.
4. Når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje tenkja som så: «Det er på grunn av mi eiga rettferd at Herren har late meg koma inn i dette landet og leggja det under meg.» Nei, Herren driv desse folkeslaga ut fordi dei er så gudlause.
5. Det er ikkje fordi du er rettferdig og ærleg at du kjem inn i landet deira. Men Herren din Gud driv desse folkeslaga ut for deg fordi dei er gudlause, og fordi Herren vil halda den lovnaden han med eid gav fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.