14. med den finaste avling ¬som mognast i sol,og det beste som gror ¬medan månen skifter,
15. med det gjævaste ¬frå dei eldgamle fjell,det aller beste ¬frå dei evige høgder,
16. med alt godt som fyller jorda,og med velvilje frå hansom budde i klungeren.Lat dette koma ¬over Josefs hovud,over krona på hansom er hovding ¬mellom sine brør.
17. Staseleg er ¬hans fyrstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei stangar han folkaheilt til verdsens endar.Dette er Efraims store hærar,dette er Manasses sterke hop.
18. Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, ¬når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!