15. Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.
16. Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud, går på hans vegar og held deg etter hans bod, føresegner og domar, då skal du leva og aukast. Og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.
17. Men vender du hugen din bort og ikkje lyder, og lèt du deg riva med, så du bøyer deg og tilbed andre gudar og dyrkar dei,
18. då seier eg dykk i dag at de skal gå til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som de kjem inn i og legg under dykk når de no går over Jordan.
19. Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di.
20. Elska Herren din Gud, høyr på han og hald deg til han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.