5. Mosebok 27:8-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle boda i denne lova.

9. Moses og levittprestane tala såleis til heile Israel: «Ver still og høyr etter, Israel! Denne dagen har du vorte eit folk som høyrer Herren din Gud til.

10. Så ver då lydig mot Herren din Gud, og hald boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag!»

11. Same dagen tala Moses til folket og sa:

12. Når de har gått over Jordan, skal desse ættene stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin.

13. Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.

14. Levittane skal ta til ords og seia med høg røyst til kvar mann i Israel:

15. Forbanna vere den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, ein styggedom for Herren, eit verk av kunstnarhand, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.

16. Forbanna vere den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

17. Forbanna vere den som flytter merkesteinar mellom seg og grannen! Og heile folket skal seia: Amen.

18. Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19. Forbanna vere den som rengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20. Forbanna vere den som ligg med kona åt far sin! Han vanærar lega åt far sin. Og heile folket skal seia: Amen.

5. Mosebok 27