4. Når de kjem over Jordan, skal de reisa desse steinane, så som eg byd dykk i dag, på Ebal-fjellet, og stryka kalk på dei.
5. Og der skal du byggja eit altar åt Herren din Gud, eit altar av stein som du ikkje har brukt bitjern på.
6. Av steinar som ikkje er tilhogne, skal du byggja altaret åt Herren din Gud, og på det skal du bera fram brennoffer til Herren din Gud.
7. Så skal du ofra måltidsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds åsyn.
8. Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle boda i denne lova.