5. Mosebok 27:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Så ver då lydig mot Herren din Gud, og hald boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag!»

11. Same dagen tala Moses til folket og sa:

12. Når de har gått over Jordan, skal desse ættene stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin.

13. Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.

14. Levittane skal ta til ords og seia med høg røyst til kvar mann i Israel:

15. Forbanna vere den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, ein styggedom for Herren, eit verk av kunstnarhand, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.

16. Forbanna vere den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

17. Forbanna vere den som flytter merkesteinar mellom seg og grannen! Og heile folket skal seia: Amen.

18. Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19. Forbanna vere den som rengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20. Forbanna vere den som ligg med kona åt far sin! Han vanærar lega åt far sin. Og heile folket skal seia: Amen.

21. Forbanna vere den som har omgang med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.

5. Mosebok 27