15. Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann for eit brot eller ei synd, kva synd det så måtte vera. Berre etter to eller tre manns vitnemål skal ei sak stå fast.
16. Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall,
17. skal begge partane i saka stiga fram for Herrens åsyn, for dei prestane og domarane som då gjer teneste.
18. Og domarane skal granska saka vel. Syner det seg då at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann,
19. skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med hin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.
20. Dei andre skal få høyra om det og reddast, så det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning mellom dykk.
21. Du skal ikkje visa medkjensle. Her gjeld liv for liv, auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot.