5. Mosebok 18:20-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.

21. Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa:

22. Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han.

5. Mosebok 18