5. Mosebok 15:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Du skal opna handa for han og låna han det han vantar og treng.

9. Ta deg i vare, så ikkje den vonde tanken stig opp i deg: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret.» Sjå då ikkje med uvilje på den fattige bror din, men gjev han det han treng. Elles kjem han til å klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd.

10. Gjev han viljug, og gjer det ikkje i tverrskap! Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre.

11. Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: «Opna handa for bror din, for dei arme og fattige i landet ditt!»

12. Når ein av landsmennene dine, mann eller kvinne, av hebrearætt, vert seld til deg, skal han tena hjå deg i seks år, men i det sjuande året skal du gje han fri og la han fara sin veg.

5. Mosebok 15