5. Mosebok 13:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det kan henda at det står fram ein profet mellom dykk eller ein som har draumsyner, og lovar deg eit teikn eller under.

2. Og går det som han spår, og han samstundes seier: «Kom, lat oss halda oss til andre gudar, som de ikkje kjenner, og dyrka dei»,

3. då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller draumsjåar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.

4. Herren dykkar Gud skal de fylgja, og han skal de ottast. Hans bod skal de halda, og hans ord skal de lyda; han skal de tena og halda dykk til.

5. Men profeten eller draumsjåaren skal drepast fordi han lokka dykk til fråfall frå Herren dykkar Gud, som førte deg ut or Egypt og løyste deg or trælehuset, og fordi han ville få deg bort frå den vegen som Herren din Gud har sagt at du skal gå. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

6. Det kan henda at bror din, som har same mor som du, eller son din eller dotter di, eller kona di som du tek i famn, eller venen din som du har så kjær som ditt eige liv, lokkar deg i løynd og seier: «Lat oss gå av og dyrka andre gudar!» – gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent,

5. Mosebok 13